| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | GRIMHELLAREN

Grimhellaren, Brosvik, Gulen k.

525,- NOK INKL MVA

7 cm, bronse. Reimendebeslag, romartid.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Reimendebeslaget er ein 1:1 rekonstruksjon av eit funn gjort ved ei arkeologisk prøvegraving i Grimhellaren, Brosvik i Gulen kommune. Slike skeiforma endebeslag var vanlege i romartid og folkevandringstid (0-570 etter Kristi føding), og beslaget frå Grimhellaren synest å høyre heime i yngre romartid (200-400 e.Kr.). Mannen som eigde beslaget var truleg del av ein framveksande krigarelite langs Sognefjorden. Frå dette tidsrommet veit me at det vart drive storstilt fangst av reinsdyr i høgfjellet, og at gevira var råstoff til eit luksusprodukt - kammen. Som beltebeslaga var gevirkammane del av det personlege utstyret til krigareliten. Nærstudiar av store mengder slikt utstyr frå våpenofferfunn i Danmark, viser at hærstyrkar frå Noreg herja på Jylland og Fyn - og at også menn frå Sognefjorden kan ha delteke. Les meir om våpenofferfunna her, sjå film på YOU TUBE.

Sjå sensasjonsfunnet av ein ullkjortel frå romartid frå Lendbreen i Lom.

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mann frå romartid, med reimtunge frå Grimhellaren og kopi av det sensasjonelle funnet av ein romartids kjortel frå Lendbreen i Lom

Strap end from the Late Roman Iron Age (200-400 A.D.), based on an original finding from the rock shelter Grimhellaren, Brosvik, in Gulen

kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Riemenzunge aus der jüngere Römische Eisenzeit (200-400 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus dem Abri/Fels-überhang Grimhellaren, Brosvik, in der Gulen Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

Slost sogningar i Danmark 500 år før vikingtida? Sjå meir om det danske våpenofferfunnet på YOU TUBE, les meir her

.

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Kva gjorde menn med sverdbandolær med bronsebeslag i ein hellar ytst i Sognefjorden?

Var dei på jakt? Var dei på reise og søkte ly? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje

eit utsal (her) - og spekuler sjølv!